Gav alt på scena

— Stemninga var flott, det var mykje smilande folk og sola kom. Mange kunne songane, så det var ein utruleg kjekk kveld, seier Øyvind Staveland i Vamp. Nå skal den populære gruppa turnera vidare til Sogndalstrand laurdag, før dei spelar konsert i Lysefjorden søndag. — Me håpar at sommaren er kommen for alvor nå, seier den alsidige musikaren frå Haugesund.